NYHENDE Mandag kveld møtte vi Bjarg 2 til kamp på Stavollen (utøve mot Fana). Etter å ha hatt god kontroll heile kampen tok vi med oss ein heim velfortent 4-0 siger.
Les meir
|
|
NYHENDE Andrelaget innkasserte årets andre trepoengar på Nymark laurdag. Kampen går nok for vår del inn under kategorien ‘forsvarskamp’, der vi med eit undertall sentralt vart springande mykje imellom. Det, og det tidvise forferdelige veiret gjorde at det var ekstra deilig å reise heim med alle poenga.
Les meir
|
NYHENDE I forrige kamp tok vi leiinga etter 7-8 sekund. Difor var plan A å gjere det samme i denne kampen.
Vi lykkast ikkje heilt med det, men etter om lag 20 sekund tok vi leiinga likevel. Også denne gong var det i bakrom på Vegard.
Vi styrte kampen frå første spark på ballen, og vant ein fortent 4-0 siger. Med unntak av ein ti minutts periode i første
omgang var det tydeleg at vi var det beste laget som spelte fotball på Nygårdsmyren i går kveld (med unntak av eventuelle lag som trente der før/etter oss).
Les meir
|
|
NYHENDE Damene sin første trepoengar er i boks etter ei vitjing hos Telavåg/Skogsvåg! Og etter ein svært god førsteomgang, men ikkje fullt så god andreomgang, konstaterer vi likevel at det beste laget vann til slutt. Vi gler oss også over at vi klarte å stille med heile 15 spelarar til denne kampen, og dermed setje rekord for året.
Les meir
|
NYHENDE Det vart eitt poeng til kvart av laga laurdag føremiddag på Varden. Temperaturen var i lågaste laget før kampstart, det snødde tilogmed, men etterkvart som sola dukka opp steig også temperaturen i topploket på enkelte betraktelig, noko som resulterte i heile tre gule og eitt raudt kort til heimelaget for kjefting. Mot eit lag som Løvåsen burde vi greie siger, men ein svak offensiv fyrsteomgang og enorm sjansesløysing i andre gjorde at det berre vart med uavgjort.
Les meir
|
|
NYHENDE Vi gjekk på eit surt tap mot Ny Krohnborg. Etter ein jamn første omgang tok vi over i andre omgang og styrte spelet. Men på slutten rakna det desverre litt og vi slapp inn to mål.
Les meir
|
NYHENDE Krabbedamene sesongdebuterte sundag kveld heime mot Os, der det til slutt enda med poengdeling. Vi hadde sannsynlegvis mest grunn til å vere misnøgde med resultatet, men må uansett ta med oss ein flott kamp vidare i sesongen. Ikkje minst må vi glede oss over fantastisk innsats av dei nye tilskota på spelarsida!
Les meir
|
|
NYHENDE Det blei tre bortepoeng for andrelaget laurdag ettermiddag. Heile tolv mann tok turen til Tysnes, der vi fekk spele på ei heilt ny og strøken kunstgrasbane. Alt i alt ein fortent siger sjølv om vi gjorde det noko unødvendig spennande for vår del i ein periode i andre omgang. Dette var den einaste bortekampen vår utanfor Bergen kommune i år, så veldi kjekt for gjengen å vere ferdig med den og samtidig ta tre poeng; då blir fergeturen heimatt alltid litt artigare.
Les meir
|
NYHENDE Etter den dårlegaste kampen Krabbetor sitt førstelag nokon sinne har gjennomført taper vi fortent 5-2. Vi var 13 spelarar til kamp, der 4-5 var halvskada. Det hjelp ikkje på at vi får to skadar i første omgang då. Det er dog ingen unnskyldning. Det vi presterte på laurdag var rett og slett flaut.
Les meir
|
|
NYHENDE Serieopninga i 7div enda uavgjort søndag kveld, i ein kamp der poenget vi fekk med oss nok var litt i overkant utfrå spel – og sjansestatistikken. Spelemessig var det ikkje mykje å skryte av, men Nymark2 var uansett eit godt lag så vi får skulde på premierenervar for vår del, ta vel imot poenget og heller rette prøve å rette litt på spelet til neste kamp.
Les meir
|
NYHENDE Vi fekk med oss ein vel fortent siger i årets første poenggivande kamp då vi mandag kveld tok turen til Øygarden for å møte Skjergard. Dette var ein kamp mellom to lag som spelte fjorårssesongen i 4. divisjon, så vi rekna med ein jamn kamp der uavgjort eller eitmålssiger virka sannsynleg. Dette blei det altså, men eit riktig resultat idag hadde vore på rundt 5-0 til oss.
Les meir
|
|
NYHENDE I staden for ei vanleg trening onsdag kveld spelte vi ein treningskamp på 2x35 minutt mot årets Tornado Bergen Winter League-vinnar, Sleipner. Etter ein jamn kamp det begge lag hadde rundt 3-4 sjanser var vi det einaste laget som scora.
Les meir
|
NYHENDE Laurdag klokka 14.00 møtte vi AHIL til treningskamp på ei s-t-r-ø-k-e-n kunsgrasmatte! Vi har prøvd mange av kunstgrasbanene Hordaland og Sogn og Fjordane har å by på. Og eg vågar å påstå at bana på Askvoll har ingen over og ingen ved sidan av seg. Det er nødt å vere den beste bana nokon av Krabbane har spelt på (sannsynligvis motstandarane òg for den del). Kjekt å ha slik ei bane i nærleiken!
Les meir
|
|
NYHENDE I årets første treningskamp tapte vi 3-1 mot Tornado Bergen. Alt i alt eit fortent tap, og det var tydelig at det var årets første treningskamp.
Les meir
|
NYHENDE Tradisjon tru vart det også årsfest etter denne sesongen. Vi leigde klubbhuset til Frøya for anledninga og forsamlinga på om lag 50 feststemte Krabbespelarar sørga for ein triveleg kveld. Toppskårarane blei også årets spelar på sine respektive lag.
Les meir
|
|